INTERVJU MED SOGNDAL SUPPORTER OG LEDER I NSA VIDAR VADSETH.

Hvem er Vidar Vadseth?

45 år gamal 2-barnsfar med sambuar. Sogndalsupportar heile livet. Fødd og oppvaksen ein god langpasning frå Fosshaugane. Fekk med meg siste åra av Fleskaberge(utan T), so ung supportar. Starta på ein bortekamp mot Godset i kvallik i 1995 so 16-åring. Hadde lapp med heimafrå til bussjåføren at det var godkjent heime at eg fekk lov å vere med. 😊
Når Fleskaberge vart nedlagt i 1999, so kom me ungdommane i eit lite vakuum. Sogndal var faktisk utan supportarklubb då dei sende Vålerenga ned i 2000. Etter opprykket på Ullevål so hadde me nokre møter hausten 2000 for oppstart av nysupp.klubb. Saftkokaradn vart skipa vinteren 2001.
Der har eg hatt fleire verv dei siste 23 åra, dei fleste av dei so leiar, men no valkomitè. Har samstundes vore ein del av styret i NSA sidan 2016. Vart då valgt inn so eit benkeforslag. Sidan 2018 so styreleiar. Det har vore nokre spennande år.

Hvilket år byttet dere navn fra Fleskaberget til Saftkokardn ?

Sjå over.

Hvordan er det med tribunelivet i Sogndal?

Veldig varierande. På heimekampar kan me vere alt frå 50 til 500 bak mål alt etter motstandar. Men på bortekampar kan me plutseleg vere 1000 på Brann Stadion. Lett. Bra repertoar på tekstar og chants. Kopiert litt, men mykje unikt.

Hvilket matcher ser du fram til i år?

Vålerenga, Aalesund og Stabæk. Bra bortesupport, noko so kan trigga heimepublikummet til å møta opp. Borteturar so blir det dei 3 iallefall, og so får ein prøva å få med familien på noko óg.

Hvis man skal huke av Sogndal Away, hvilken pub er det som gjelder?

Fjøra Pub

Har du hørt låta: Anders Giske har ei jakke låta som ligger på youtube?

Ja, sjølvsagt. God humor, men musikalsk heilt grusom.

Har yngre folk også kommet seg på match i Sogndal?

Ja, det er ting på gang. Er komen nokre yngre med dei siste åra, og me har eit par ivrige i styret allereie. Om å gjere å få dei innrullert so fort so muleg og gi dei ansvar for korleis tribuna skal sjå ut.

Du sitter som leder i NSA, Norsk Supporter Allianse. Hvordan går det?

Jau, det går bra det, men det er mykje å jobba med. Og ting tek tid. Det er iallefall noko eg har lært. Ein lyt ha tolmod med både NFF og NTF, samstundes so må ein vere litt skarp i kantane når det krevst. Eg må sei at med Lise Klaveness so President og Karl-Petter Løken so Generalsekretær i NFF so er kvardagen for oss supportarar blitt mykje lettare iallefall. Dei er lette å snakka med. Samstundes Har Leif Øverland og Pål Breen hjå NTF vore fine diskusjonspartnarar, og so skal det seiast at det blir spennande å sjå kven so tek over etter Leif no når han går av med pensjon. 
Samarbeidet med medlemsklubbane fungerar greit, men me jobbar me nokre fleire møtepunkt gjennom året. Årsmøte og supportarseminaret er framleis ein veldig fin arena for oss, men me prøvar og koma tettare.

Går alt på skinner?, jeg føler at vanlig supporter ikke får så mye info?!.

Alt går ikkje på skinner, nei. Det er nok og ta tak i. Me prøvar og få ut info til medlemsklubbane gjennom chatgrupper og digitale møter. Her er det mange gode diskusjonar. Eg tykkjer engasjementet for norsk supportarkultur er mykje større no enn for 10 år sidan. Men me kan heilt klart bli flinkare til å få kommunisert ut info til mannen i gata også. Og so kan me også jobba med medlemsklubbane om at dei også kan spre ting me jobbar med.

Får man muligheten for bortekort for supporterklubber i 2024, som man får mulighet til i Sverige?. 

Nei, eg trur kanskje 2024 kjem for tidleg, so eg lovar ingenting.

Hvilket 2 lag rykker direkte opp?

Stabæk og Vålerenga, i tilfeldig rekkefølge

Hvor havner Sogndal?

9.plass

Finnes det en Sogndal podcast?

Stao No Pao og Radl om Badl. Den første eit samarbeid mellom Sogndal Fotball, Sogndal FK Damer og Saftkokaradn, der programleiarane er frå Saftkokaradn, og Radl om Badl er Sogn Avis sin, med lokalfotball der det naturleg nok er mykje om Sogndal. Ingen «private» podcastar.

Har stickers kommet til saftbygda også?

Ja, definitivt. Populært blant dei yngre. Mange kreative og gode stickers.

Savner du noen spørsmål?

Nei, eigentleg ikkje.

Lykke til med sesongen og takk for at du stilte opp. 

Vyrdsam helsing