For de uvitende, hvem er Sindre ?
Sindre Myhre, snart 48 år gamal. Vestlending. Kjem frå bygda Raudeberg, som ligg
ytterst i Nordfjord og rett sør for Stad. Tidlegare sjømann men jobbar no som Los i
Kystverket med ein rotasjon på 2 veker på og 4 veker fri. Det gjer meg ein unik frihet og
fleksibilitet til å drive med banehopping.

(Istanbul-derbyet Fenerbache – Galatasaray)
Banehopper? Noen lag du følger mer enn andre?
Det einaste laget eg har EKTE kjærleik og pasjon for er klubben eg er vaksen opp i. Den klubben er ikkje noko mindre enn ein av Norges mest ikoniske og ærverdige klubbar; nemleg Tornado FK. Grunna den demografiske utviklinga i distrikts-Norge eksisterar ikkje den klubben lenger, dessverre. Dermed er det ikkje noko spesifikt lag som legg direkte føringar når eg planlegg neste tur. No representerar eg nok meir den største, dog mest forhatte supportergrupperinga i Norge, nemleg vi som heiar på «Koeffisient FK». 😉
Dei siste 5 årene har eg reist mykje rundt i lag med min onkel og søskenbarn frå Bodø og følgt Glimt sine eventyr. Det har vert utruleg på alle måtar samstundes som eg har fått plukka med meg mange nye stadion undervegs. Vidare har eg «latinsk legning». Eg er forma av Maradona, Messi, Baggio, Totti, Erik Mykland og Ronaldinho etc. Internasjonalt er det Napoli som ligg hjertet nærmast, og i mesterskap er det alltid Italia og Argentina som gjeld.
Hvorfor ble du banehopper?
Det var ei utvikling som skjedde gradvis. Vi er 4 kompisar heimafrå som har reist jevnleg til Italia no i snart nærmare 20 år for å sjå mest mulig Calcio. I tillegg har det blitt diverse sporadiske turar til ulike destinasjonar med familie og vennar opp igjennom årene. MEN det som verkeleg var katalysatoren var pandemien. Det absolutt verste med COVID var den meiningslause kvardagen utan fotball. Det var grusomt å ikkje ha noko å sjå fram til og glede seg til. Pandemien vart ei påminning om å ikkje ta ting for gitt, og at man bør gjere det man kan og har lyst til så lenge man har tid og anledning. Det har ført til ei voldsom eskalering i reiseaktiviteten min, og no prøvar eg å ha meg ein fotballtur kvar einaste friperiode.
Hvordan er miljøet blant banehoppere i Norge, kontra resten av verden?
Banehopparmiljøet i Norge er som ellers i verden sært, snevert og ekstremt nerdete, og det må berre hyllast og lovprisast! Det eksisterer ein eigen banehoppar-app som heiter «Futbology» der man registrerer kampane sine og treff andre likesinna. I tillegg går det mykje i sosiale medium som Twitter, BlueSky og egne chatte-grupper. Opp igjennom årene har man fått eit bra nettverk som igjen er gull verdt når det kjem til erfaringsutveksling. Tyngdepunktet av banehoppera er naturlegvis på det sentrale austlandet, så eg får dessverre ikkje deltatt med fysisk tilstedeværelse så ofte og i så stor grad all den tid eg bur der eg bur. Vidare må eg vel nevne karane Mattis Moen og Andre Øyvåg som driv den den svært pompøse banehoppar-podcasten «Kald Kaffe» som er obligatorisk i miljøet. Internasjonalt har eg ikkje så stor oversikt, men har eit bra bekjentskap frå diverse nasjonalitetar etterkvart. Den største utøvande nasjonen innan banehopping er Tyskland. Uansett kva stadion du er på i verden og sjekkar inn i Futbology-appen så finn du ein tyskar eller tre. Alltid.
Hvor på lista ligger du. Nærmer du deg topp 10 i Norge?
Med så mange ivrige og ytterligåande banehoppera som vi har her til lands som f.eks. Marius Helgå og Terje Mollestad etc, trur eg nok aldri at eg kjem til å komme på noko topp 10 liste. No bur jo dei noko meir sentralt til enn meg og kan fråtse i kampar på Austlandet og i Sverige året rundt, men nivået på den livsstilen dei praktiserer må man berre audmjukt forgude og la seg imponere over. Akkurat volumet på kampar og baner er ikkje noko mål for meg personleg, men eg har ei lang ønskeliste over stadion, oppgjer, derby, turneringar etc. som eg har lyst å oppleve. Øverst på den lista er Stadio San Nicola i Bari. Ein gamal gigantisk, overdimensjonert og utdatert italiensk betongklump av eit kommunalt stadion med løpebane, slik ein ekte stadion skal vere😉 Av ulike grunnar har vi enno ikkje klart å somla oss til å få besøkt Bari til trass for uendeleg mange rundreiser i Italia, og no etter at Bari rykka ned til LegaPro (SerieC) er det uvisst om dei i det heile får spele på San Nicola i nærmaste framtid.
Har du noen faste ritualer når du er på match?
Det har eg, og det desidert viktigaste er at eg uansett må slå lens ca 20-30 min før avspark slik at blæra kanskje kan holde til pause. To ting som øydelegg opplevelsen for min del er om eg begynner å fryse eller bli pissatrengt, og dei to tingene heng ofte i hop. Vidare likar eg alltid å vere tidleg ute ved stadionområdet, trakke rundt og absorbere atmosfæra før kamp. Så går eg som regel inn på sjølve stadion ein liten time før avspark for å finne setet mitt av same grunn, få med meg eventuelle hymner, oppvarming etc. Det verste eg veit er å stå i ein saktegåande kø når klokka tikkar ubønnhørlig mot avspark. Akkurat her er nok den største interessekonflikta opp mot enkelte av mine reisekameratar som ofte har eit altfor avslappa forhold til akkurat dette. 😉 Eg prøvar også å vere disiplinert og begrense mobilbruken under sjølve kampen.
Du har sikkert sett matcher i noen land, kan leserne få en topp 5 over andre land man bør se fotball i?
For banehoppera er det ikkje alltid det som foregår ute på bana som er det viktigaste når ein skal på kamp. Det er minst like viktig med sjølve kampopplevelsen inkludert all logistikk, mat og drikke på/utanfor stadion, karakteristikk/særpreg på sjølve stadionanlegget og ikkje minst tribunekulturen. Utanfor Norge har eg no sett 240 kampar fordelt på 166 ulike stadion. Eg har akkurat bikka «Kald Kaffe-milepælen» med kampar i 30 ulike land, og rangeringa mi blir nok slik:
Her blir det delt mellom Frankrike og Nederland. Begge land med heftig kultur og stadionatmosfære. I Frankrike opplever man ofte mykje pyro, imponerande tifoar og høgt lydnivå. Eg er i utganspunktet ikkje så glad i «syre-tekno» men på kamp i Nederland er det ein viktig del av pulsen og rytma på stadion. Nederland har nok også den beste kulturen i Europa rundt landslaget sitt. Anbefala alle å besøke Velodromen i Marseille og De Kuip i Rotterdam, noko av den råaste atmosfæra man kan oppleve i Europa.
Argentina. Det er jo ein klisje, men absolutt alle burde oppleve å sjå fotball i SørAmerika og då særskild Argentina ein gong i livet. Til trass for at det KAN forekomme bruk av trommer på tribuna. Det som foregår ute på bana er stort sett begredelig, men når det kjem til kok, atmosfære og tribunekultur er det absolutt ingen som er i nærheten!
Her er eg nok programforplikta til å sei Italia. Eg brukar å sei at Italia er både verdens beste og verste land, men totalopplevelsen med alt rundt kampdag frå mat/drikke, utdaterte stadionanlegg med sjarm og historie, tidvis frustrerande elendig og tungvint logistikk, fanatiske fans i Curvaene på stadion ofte med nydelege tifoar og pyro gjer at dette er mitt favorittland. Den halvtimen med oppbygging av stemninga før avspark på Olimpico når Roma er heimelag med ikkje mindre enn 3 nydelege klubbhymner er pur magi! (Som stort sett alltid ender i eit antiklimaks når dommaren bles i fløyta og vi får servert ein elendig fotballkamp slik det skal vere)
Tyrkia. Grusomt byråkrati for å få fatt i kampbillettar, men er nok det landet i Europa som er nærmast Sør-Amerika når det kjem til lidenskap og entusiasme på tribuna. Voldsomt trykk og eit desibel-nivå absolutt ingen andre kan måle seg med.
Tyskland. Alt i Tyskland er bra som banehoppar, nesten for bra. Det blir sjølvsagt minuspoeng for mange topp moderne og generiske stadion, men i Tyskland er medlemsdemokratiet enno sterkt. Det er ein enormt levande fan-kultur med ei overveldande atmosfære gjennom heile kampane som ofte inkludera både mektige tifoar og herlig ulovlig bruk av pyro. Favoritt i Tyskland er Waldstadion i Frankfurt.
Beste vs værste minne som banehopper hittil?
Det beste er utan tvil Boca Juniors på La Bombonera, kanskje det mest særprega stadionanlegget i heile verden. Eg får enno frysningar bare med tanken på «El recibimiento» på Bombonera, med røykbomber, papirstrimlar, hoppinga, sangen, vibrasjonen og rytma. For øvrig var det ein dag eg aldri kjem til å gløyme. På morgonen på kampdag fekk vi beskjed om at kontakta vår i Buenos Aires ikkje hadde fått tak i kampbillettane vår likevel. Kan trygt sei følelsesregisteret fekk køyrd seg den dagen før det heldigvis løyste seg til slutt ein dryg time før avspark. Trur aldri eg har vert så emosjonelt utmatta og lykkeleg over nokon gong komme meg igjennom billettslusa og innpå ein stadion. Det verste er nok dessverre stadionatmosfæra eg nettopp opplevde under VM (i USA). Sjølv om det var forventa, er det stusseleg når stadion blir fylt opp av store mengder turistar og liknande som heilt openbart har ei svært begrensa interesse for fotball. Eg blir så avsindig provosert når folk kjem slentrande 10-15 minutt uti kampen/etter pausa og leitar etter plassen sin, for så å reise seg igjen etter 10 min for å handle i kiosken. Vidare er det mest om å gjere å filme med mobilen, gjerne seg sjølv medan man simulera tilgjorte jubelscener i etterkant av ei scoring. Det er rett og slett nitrist og eg er nok med rette litt dystopisk når eg ser i kva retning den «moderne fotballen» aksellererar i stadig større fart. No trur eg ikkje den hyperkommersialiserte versjonen av fotball og syntetiske stadionatmosfæra vi nettopp fekk servert i USA har livets rett i første omgang, men eg trur det blir vanskeleg å stoppe og reversere den gradvise utviklinga. Vi må kjempe med nebb og klør imot den åpenlyse korrupsjonen og jobbe for å beholde eit fungerande medlemsdemokrati så lenge som mulig. «Contro il Calcio moderno»!!!
Du reiste over til USA for å se Norge. Hvordan var det?
Til trass for det nevnte ovanfor var reisa mi på det NordAmerikanske kontinent fantastisk og svært opplevelsesrik. Eg var litt i tenkeboksen i forkant (jada, sjølvbedrag🙂) grunna alt det utenomsportslege og det motbydelege, korrupte prisnivået FIFA hadde lagt seg på, men freistinga vart for stor. Hovud attraksjonen var å oppleve Azteca stadion, dermed sydde eg i hop eit program som var kompatibelt med jobbturnus og booka turen rett etter jul. Det vart tre 1/16 dels finalar, to 1/8 delsfinalar og to kvartfinalar i henholdsvis LA, Mexico City, Vancouver, Houston, Dallas, Boston og til slutt Miami. Det var med andre ord bare tilfeldigheitar som gjorde at eg fekk sett Norge. Eg måtte faktisk få flydd den ikoniske og kontroversielle norske drage-kultlandslagsdrakta frå svigerbror i Hardanger over Atlanteren slik at eg var korrekt antrukket på kampdag. Sjølve kampen er nok den mest intense, spennande og smertefulle kampopplevelsen min nokon gong. Det var så nervepirrande midtvegs i andre omgang når Norge begynte å få eit moment og overtak i kampen, samtidig som du hadde den klumpen i magen med frykt for at England berre trengte den eine sjansen. Dessverre vart det tidenes antiklimaks og måten det skjedde på med alle kontroversane gjer at denne kampen kjem til å gjere vondt til evig tid. Det gjer det ikkje noko betre at det var mot England. England har aldri vert min favorittnasjon for å sei det mildt. Eg er heilt sikker på at vi kunne ha slått Argentina i ein semifinale også. Likevel, innsatsen i VM med kvartfinale skal bli vanskeleg å nokon gong toppe.
Beste/Værste minne fra VM?
Beste minne var å få oppleve Mexico slå Ecuador i 1/16 dels finalen på heimebane foran eit elektrisk Azteca stadion, eit stadion eg alltid har drøymd om å få oppleve sidan det var Maradona og VM86 som forma heile fotballidentiten min. DET var ekte atmosfære slik det skal vere under eit VM i fotball! Eg veit ikkje kor mange millionar som var ute i gatene for å juble i Mexico City den påfølgande natta, men det var herlig latinsk kaos, lidenskap og feiring i ypperste klasse. Verste minne er definitivt tapet mot England i Miami og måten det skjedde på. Som tidlegare nevnt elska eg den latinske lidenskapen og er stor tilhengar av den latinske kunstforma. Eg blir derfor kvalm når eg ser den evige motbydelege juksinga og filminga som England og Harry Kane alltid praktiserar😉 Eg jubla ekstatisk når Lautaro stanga inn 2-1 målet på overtid i semifinalen. Det er kanskje det nest beste VM minnet sjølv om eg var komen heim i godstolen på det tidspunktet.
Har Norge noe på gang nå, eller må man vente en del år igjen før neste sluttspill?
Norge har definitivt ein unik generasjon no, særskild det offansive repertoaret er jo heilt hinsides og det er jo ein fryd å sjå landskampar. Det irriterar meg enno at vi ikkje kvalifiserte oss til EM i Tyskland til tross for heile 24 deltakarland, men eg tek nesten for gitt at vi skal til EM i UK om 2 år. Noko anna vil vere ein gedigen fiasko. Eg håpar dog at vi ikkje kjem i same kvalikgruppe som mitt kjære Italia, for akkurat den audmjukinga over 2 kampar kunne eg godt vert foruten😳
Du er glad i Tekst-Tv . Fortell, trodde alt var lagt ned?
Haha. Dette har nok blitt litt meir eit personleg image naturlegvis, men samtidig eit utrykk for nostalgi og lengsel tilbake til ei tid som var, langt frå «den moderne fotballen». NRK la ned TekstTV i august i fjor, men det store paradokset er at dei siste gongane eg «surfa» på TekstTV var det gjennom ein App på tlf som hadde TekstTV frå all verdens TV kanalar, og det gjekk betrakteleg raskare enn det ordinære TekstTV! Grunnen til at eg (og mange i min generasjon) har eit kjært forhold til TekstTV er at det var det mediumet vi hadde for å halde oss oppdatert på 80 og 90-tallet. Søndagskveldane kl1800 var høgtid. Då var det å benke seg foran radiosporten og høyre på fotballrunda (alle kampane gjekk for det meste til same tid i dei 2 øverste divisjonane på den tida) samtidig som ein hadde tabellane oppe på TekstTV. Eg skal love deg at det det var ein unikt spennande kombinasjon og dramaturgien på stadion som vart levande skildra av radioreporterane gjorde dette til fantastiske opplevelsar som eg lengtar tilbake til. Når runda var ferdig var det å glede seg i halvanna time til kampreportasjene kom på Sportsrevyen. Då skulle vi endeleg få sjå målet som Tom Gulbrandsen hadde blåst inn frå 45 meter på Åråsen, men som vi allerede hadde fått glimrande «visualisert» av ein ekstatisk radioreporter. Sjølv til og med eg har innsett at EDB-maskiner og Internett dessverre er komen for å bli, men eg trur alle med fotballinteresse som vaks opp på 80 og 90 tallet veit kva som var på NRK TekstTV side 222.
Du får utfordringen. Ta med 3 på tur. Hvem ville du tatt med og kor skulle vi reis?
Det blir mine 3 Calcio-kompisar heimafrå Arnfinn, Geir og Ronnie og det hadde sjølvsagt blitt «Giro d’Italia» med masse kampar og mykje fantastiske opplevelsar. Ein tradisjon eg håpar vi klarer å halde i live til evig tid. Eit alternativ om eg kunne reise tilbake i tid måtte vere å få reist på MexicoVM i 1986 i lag med Dag Solstad, John Michelet og Arne Scheie måtte sjølvsagt vere med. Det hadde vert fullkomment!
Du feirer en seier, hva velger du i glasset da?
Til eldre eg har blitt til mindre blir det konsumert. Det er bare på nivå såvidt over avholds etterkvart og som nevnt tidlegare orka eg ikkje å øydelegge kampopplevelsen med å stå i kø på eit pissoar. MEN om eg skulle få velge så måtte det vere ein perfekt Calcio-dag med 2 kampar som vart avslutta med ein heilaften på ein ekte italiensk Trattoria med ein Barbera frå Piemonte og ikkje minst avslutta med ei god dose Limoncello.
Om 5 år holder Sindre på med samme da?
Definitivt. Eg gledar meg alltid til neste tur! Om 5 år så håpar eg at eg har fått besøkt San Nicola i Bari, at eg har fått oppleve «El gran Derbi» på Estadio Pizjuan i Sevilla (Vi skulle dit i mars 2020 den helga verden stengte ned pga COVID), fått besøkt Estadio Centenario i Montevideo, oppleve Derbyet i Rosario, oppleve Derbyet i Casablanca, besøkt både Stadion an der Alten Försterei og Estadio Vallecas før det er for seint, fått oppleve hatoppgjøret Millwall – WestHam, fått oppleve ein finale i Copa Libertadores og fått besøkt både Sarpsborg Stadion og Gjemselund. Samstundes håpar eg at bucketlista mi er like lang om ikkje lenger om 5 år enn den er i dag🙂⚽️
Takk for intervjuet og lykke til videre.
/Mikkel🙂